Glad i musikk, dans og drama? Sjekk ut tilboda til kulturskulen!

Glad i musikk, dans og drama? Sjekk ut tilboda til kulturskulen!

Fristen for å melde seg inn i kulturskulen er 30. april.

To gutar står framfor ei grøn tavle. På tavla er det teikna notar. Den eine guten held ein gitar og den andre ein fiolin. - Klikk for stort bilete Adobe Stock

I Ulstein kulturskule har vi mange spennande tilbod innan musikk, dans, drama og teater. 

Du kan lese om alle tilboda våre her: Kurstilbod

Nedst på sida, inne på alle dei ulike kurstilboda, er der lenke for å søke om plass.

Fristen for hovudopptaket for elevplass er 30. april.

Dei som allereie har elevplass treng ikkje å søke på nytt, men dersom du vil endre på tilbodet du allereie har, eller sende skriftleg oppseiing, gjeld same fristen.