Gode levekår med mennesket i sentrum

Gode levekår med mennesket i sentrum

Design: Tegneren  

 

 

For å skape det samfunnet vi ønsker no og i framtida, treng vi gode levekår. Levekårsplanen gjeld for heile Ulsteinsamfunnet og skal fungere som eit overordna styringsverktøy for korleis kommunen skal vere ei kommune det er godt å vekse opp og bu i.  

Levekårsplan 2020-2032

17. juni 2021 vedtok kommunestyret ny levekårsplan for Ulstein kommune 2020-2032 (PDF, 243 kB) (jf. sak PS 58/21). 

Levekår handlar om dei ressursane den enkelte disponerer og kva høve folk har til å nytte seg av desse ressursane til å skape gode liv for seg og sine. Levekår handlar også om korleis folk opplever at dei har det, kva livskvalitet dei har og kor tilfredse og lykkelege dei er. Ressursane kan vere individuelle, kollektive, medfødde og/eller erfarte. 

Levekår omfattar eit breitt spekter av komponentar, som helse, sysselsetjing, arbeidsvilkår, økonomiske ressursar, kunnskap, høve til utdanning, familie og sosiale relasjonar, bustad og nærmiljø, rekreasjon og kultur, tryggleik for liv og eigedom, i tillegg til politiske ressursar og rettar. 

Livskvalitet handlar om korleis vi opplever vårt eige liv og levekår påverkar livskvaliteten til folk. 


Korleis skal vi jobbe med betring av levekår?

Utvikling av gode levekår krev god kommunal samhandling på tvers av sektorar. Det krev også at heile lokalsamfunnet tek medansvar. Vi må jobbe på tvers av fagfelt og politisk ståstad. Dette gjeld like mykje for dei som arbeider i kommunen som for lokalt næringsliv, det frivillege arbeidet i lag og foreiningar og for den einskilde innbyggjaren.

For at vi skal klare å gjennomføre strategiane og tiltaka i planen, har vi lagt til grunn fem arbeidsprinsipp. Desse prinsippa skal vere med oss når tiltak og strategiar vert vurdert og sett ut i livet;

  1. Berekraftig utvikling på kort og lang sikt
  2. Samskaping
  3. Medverknad
  4. Inkluderande samfunn
  5. Tidleg innsats


Målområde

Ulstein kommune har valt ut 4 hovudmålområde for å skape gode levekår i perioden 2020-2032, og for kvart målområde har det vorte valt ut tiltak for å oppnå desse. Dei 5 arbeidsprinsippa er retningsgivande for å nå måla i levekårsplanen. 

Kva tiltak som vert prioritert av kommunen og korleis dei skal verte gjennomført, vil vere ein del av den årlege budsjettprosessen.

Dei 4 målområda er:

  1. God helse i alt vi gjer
  2. Gode oppvekstvilkår for barn og unge
  3. Gode attraktive nærmiljø
  4. Eit levande og variert kulturliv

 

Har du spørsmål til levekårsplanen?

Ta gjerne kontakt med oss;

e-post:   postmottak@ulstein.kommune.no
tlf.:         70 01 75 00