Dei involverte samarbeidspartane er Volda kommune, Ulstein kommune, Skjåk kommune og Høgskulen i Volda.
Kommunane står overfor store samfunnsutfordringar knytt til demografisk utvikling, sosioøkonomiske endringar og digitalisering. Kommunen som verksemd har auka i kompleksitet. Det er viktig at den administrative og politiske leiinga i kommunen har kompetanse og ferdigheiter i å kommunisere fakta og gjere faktainformasjon lettare tilgjengeleg for ulike målgrupper. Gjennom samarbeid om eit FOU-prosjekt med Høgskulen i Volda skal kommunane få tilgang til fagleg opplegg slik at kommunane er i betre stand til å leggje grunnlag for forbetra informasjonsflyt, auke bevisstheit om demokratiske prosessar og fremje deltaking.
Volda kommune
Fagleg program
Høgskulen i Volda vert bedt om å utarbeide eit opplæringsprogram for kommunane med følgjande hovudtema:
- Bruk av kunstig intelligens i kommunikasjonsprosessen
- Definering av målgrupper
- Val av kanalar
- Presentasjon og korleis få fram bodskapen
- Teori om kommunikasjon
- Medietrening
FOU-prosjekt
Samarbeidskommunane vil vere pilotar for opplæringsprogrammet, og Høgskulen i Volda vil utarbeide programmet i samarbeid med dei tre samarbeidskommunane. Siktemålet er at når pilotkommunane har testa programmet, kan det tilbydast andre kommunar. Samarbeidskommunane vil søkje tilskot til utarbeiding av programmet.
Tekst: Rune Sjurgard