Har du elev i barneskulen? Sjå her!

Har du elev i barneskulen? Sjå her!

Ulstein helsestasjon tilbyr kurs til barneskuleforeldre – om å forstå barn sine behov og kjensler.

Barn og vaksen som held hand. - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Kurset, kalla Tryggleikssirkelen (Circle of Security), er ein modell som kan hjelpe deg å sjå og forstå barn sine behov og kjensler.

– Som foreldre kan vi alle tider kjenne oss opprådde og ikkje vite korleis vi skal handtere og forstå barnet vårt. Programmet bygger på forskingsbasert kunnskap om korleis foreldre-barn-relasjonar kan støttast og styrkast, informerer helsestasjonen.

Film med foreldre som har gått kurset tidlegare

Påmelding innan 30. august til ulstein.helsestasjon@ulstein.kommune.no 

Kurset går over seks samlingar, tysdagar klokka 19.30–21.00, med oppstart 10. september.

Tak kontakt med kurshaldarane for meir informasjon:

  • Anette Knudsen, telefon 46 92 02 51
  • Hanne Hatløy, telefon 90 03 26 19
  • Mari Haugen Lunde, telefon 48 22 73 42
Illustrasjon av tryggleikssirkelen. - Klikk for stort bilete