Takk for stort engasjement og stort oppmøte på folkemøtet 1. mars om framtidas skulestruktur.
Nær 200 følgde møtet via nettet, og om lag 120 møtte opp på Sjøborg då Jo Fiske frå KS Konsulent presenterte skulerapporten dei har laga til Ulstein kommune, på oppdrag frå dei folkevalde.
Powerpoint-presentasjonen til Jo Fiske finn du her. (PPTX, 11 MB)
Innleiinga/presentasjonen til ordførar Knut Erik Engh finn du her. (PPTX, 5 MB)
Innspel
Har du innspel/meiningar/ytringar kan du sende desse skriftleg til kommunen. Merk at innspela du sender til kommunen vil vere synlege/offentlege og lagt ved saka.
E-post: postmottak@ulstein.kommune.no, eller per brev til Ulstein kommune, postboks 143, 6067 Ulsteinvik.
Merk med "Innspel framtidas skulestruktur". Frist for å kome med innspel er 24. mars.
Saka skal opp til politisk handsaming i ungdomsrådet 2. mai, fellesrådet 3. mai, levekårsutvalet 4. mai, teknisk utval 5. mai, formannskapet 10. mai og kommunestyret 19. mai.
Jo Fiske frå KS Konsulent.
Janne-Marit Myklebust
Stort engasjement og mange frammøtte på folkemøte på Sjøborg.
Janne-Marit Myklebust