– Har fått fram det beste i lokalsamfunnet

– Har fått fram det beste i lokalsamfunnet

– Aldri før har vi busett så mange flyktningar i Ulstein. Vi ligg heilt i noregstoppen sett i forhold til innbyggartal. Og for eit engasjement i lokalsamfunnet!

F.v. flyktningkonsulent Lena Løseth, flyktningkonsulent Kristin Haddal Ruby, leiar for avdeling for inkludering og mangfald Lars Erling Bjåstad, rådgivar bustadutleige Trine Sæter (Ulstein Eigedomsselskap) og bustadkoordinator Eli-Marte Fjørtoft (Ulstein Eigedomsselskap). Janne-Marit Myklebust    

Det seier leiar for avdeling for inkludering og mangfald i Ulstein, Lars Erling Bjåstad Hovlid.

Han er full av lovord om korleis Ulsteinsamfunnet har teke imot sine nye innbyggarar.

– Vi opplever også at dei som vert busette i Ulstein kjem frå mottaket her, og det betyr at dei sjølve har hatt ønske om å bu her med bakgrunn i korleis dei har opplevd å verte tekne imot. 

– Eg har aldri fått så mange telefonar per dag som eg har gjort no i det siste, stadfestar flyktningkonsulent Lena Løseth.

– Engasjementet har vore enormt, og innbyggarane fortener ros! Dette har verkeleg fått fram det beste i lokalsamfunnet.

Eigedomsselskapet gjekk tidleg ut og etterlyste bustader til flyktningane.

– Også der har engasjementet vore stort. Det er 56 som har kontakta oss med tilbod om bustad. Folk er verkeleg på tilbodssida, seier bustadkoordinator i Ulstein Eigedomsselskap, Eli-Marte Fjørtoft.

Trykktesting

I 2016 vart det busett 47 flyktningar på eitt år, inkludert familiesameinte. Dette var rekorden til no. Hittil i år er det busett 79 flyktningar, og fleire er det på blokka. 

– Vi er nok i noregstoppen med tanke på busetting per innbyggar, trur Bjåstad Hovlid.

Han får ikkje fullrost nok det kommunale systemet.

– Det kommunale apparatet fungerer. Samarbeidet fungerer. Her har vi skikkeleg trykktesta det kommunale samarbeidet. Eg seier ikkje at vi ikkje har hatt krevjande problemstillingar, det har vi sjølvsagt, men vi opplever at samarbeidet fungerer, at der er løysingsvilje og kompetanse og tilsette som strekker seg langt for å få ting ordna på kort tid.