- Har nok jodtablettar til alle under 18 år

- Har nok jodtablettar til alle under 18 år

Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde med nokre av pakkane med jodtablettar kommunen har i beredskap. Janne-Marit Myklebust

Ulstein kommune har 3000 jodtablettar i beredskap i tilfelle ei atomhending. Dette er nok til alle i Ulstein under 18 år, i tillegg til gravide og ammande.

Mange apotek opplever stor etterspurnad etter jodtablettar, og mange er utselde. Jodtablettar hindrar opptak av radioaktivt jod ved ei atomhending, og situasjonen i Ukraina har gjort at mange no har kjøpt slike tablettar.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) minner om at på grunn av den store geografiske avstanden til Ukraina er det lite sannsynleg at det vil vere nødvendig å ta jodtablettar i Noreg, om det skulle skje eit radioaktivt utslepp der. Men uavhengig av situasjonen i Ukraina rår DSA alle under 40 år til å ha jodtablettar lagra i heimen. Hovudgrunnen er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs norskekysten.

Kommunalt ansvar

Kommunane i Noreg har ansvar for å tilby jodtablettar til alle barn og unge frå 0- t.o.m. 18 år, i tillegg til gravide og ammande - dersom det oppstår ei hending. 

- I Ulstein kommune har vi 3000 tablettar i beredskap, fortel kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde.

- Desse vil vi distribuere ut i skular og barnehagar, dersom det vert behov. Vi har utarbeidd rutinar for dette.

Det vil også verte gjort tilgjengeleg eit samtykkeskjema som foreldre/føresette må fylle ut, og som gir skular/barnehagar rett til å dele ut tablettar til barna.

Utdeling av jodtablettar til aldersgruppa 16-18 år, i tillegg til gravide og ammande vert på helsestasjonen -om det vert aktuelt (dette gjeld også grunnskuleelevar som går på skule i andre kommunar, t.d. privat skule i Herøy).

 

 

Jodtablettar. Janne-Marit Myklebust

Ikkje ta jod utan å ha fått beskjed om det

Lurer du på noko om jodtablettar finn du også det på DSA sine nettsider på ulike språk.

Du skal aldri ta jodtablettar før nasjonale styresmakter via kriseutvalet for atomberedskap går ut med direkte informasjon om dette.

Jodtablettar ved atomulykker må ikkje verte forveksla med kosttilskot med jod. 

 

 

Tilfluktsrom

Ulstein kommune har fått fleire spørsmål om tilfluktsrom. Vi har oversikt over både dei offentlege og private tilfluktsromma i kommunen (24 stk.). Vi vil klargjere desse om naudsynt, men det er per no ikkje ei aktuell problemstilling.

Beredskap

Direktoratet for samfunnssikkerheit, DSB, har laga ein brosjyre med kva folk bør ha heime i tilfelle krise (vatn, mat, brensel m.m). Dette kan vere kriser som oppstår til dømes på grunn av uvêr og straum- eller vassbrot, sabotasje eller tekniske problem. Desse råda gjeld altså uavhengig av krigen i Ukraina.

Lenke: Her kan du laste ned brosjyren.

På sikkerkvardag.no kan du lese meir og laste ned lista over kva du bør ha i hus.