Hedvig er ny rektor ved Hasund skule

Hedvig er ny rektor ved Hasund skule

– Hasund er ein kjempeskule, og det er eit privilegium at det er eg som har fått jobben. 

Portrett av Hedvig Haakonsholm. - Klikk for stort bileteHedvig Haakonsholm. Janne-Marit Myklebust

Det seier Hedvig Haakonsholm, som nyleg har takka ja til stillinga som rektor ved Hasund skule.

Ho har vore hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet sidan hausten 2019. Før det var ho tilsett ved Ulstein ungdomsskule.

– Eg gler meg veldig til å kome tilbake til skulen og nærleiken til elevar og personale.

Hedvig fullførte rektorutdanninga i desember 2022. Ho tek til i stillinga 1. august.