Ikkje stopp før du har passert dette skiltet

Ikkje stopp før du har passert dette skiltet

For å sikre dei mjuke trafikantane våre, innfører vi nokre retningslinjer for dei som leverer barna sine ved parkeringsplassen ved Ulstein ungdomsskule.

Parkering forbode-skilt på parkeringsplassen ved ungdomsskulen. - Klikk for stort bileteParkering forbode. Skiltet markerer at det er forbod mot parkering på denne sida av parkeringsplassen. Lenger framme mot ungdomsskulen vert det etablert dropsone. Janne-Marit Myklebust

Det vert no etablert dropsone inst på parkeringsplassen mot ungdomsskulen.

  • Levering skal skje i «dropsona»
  • Ikkje stopp før du har passert «parkering forbode»-skiltet. Stoppar du langs fortauet før dette hindrar du trafikken.
  • Skal du følgje barnet til skulen må du nytte ein vanleg oppmerkt parkeringsplass – ikkje parker langs fortauet eller i dropsona.

OBS! Vi minner om at parkering for Ulsteinvik barneskule primært skjer nedanfor skulen ved Ulstein Arena.

Skisse som viser dropsone og skråparkering. - Klikk for stort bileteDropsone for elevar som vert køyrt til skulen skal føre til betre trafikkflyt.

Skissa viser at det er sett opp eit “stans forbode”-skilt med ein gong du køyrer inn på parkeringsplassen ved ungdomsskulen. Deretter kjem det eit “parkering forbode”-skilt der dropsona startar.

– Veret har dessverre gjort at vi ikkje har fått merkt opp dropsona og skråparkeringa enno, og vi bed difor om at alle studerer skissa. Så snart veret betrar seg vil vi sørge for oppmerking, seier leiar for anleggs- og driftsavdelinga, Jørgen Hageselle.

Han seier at han håper dette tiltaket vil føre til at trafikken flyt betre utanfor ungdomsskulen om morgonen.

– Målet med dropsone er få til ein fin trafikkflyt som gjer det tryggare for elevane og enklare for sjåførane å halde oversikt.

– Vert det tryggare kan det kanskje også verte enklare for elevane å gå eller sykle til skulen også.