Internasjonal ungdomsutveksling i Ulsteinvik

Internasjonal ungdomsutveksling i Ulsteinvik

I august er Ulstein kommune vertskap når 36 ungdommar og 10 ungdomsarbeidarar frå Norge, Moldova, Ukraina og Georgia møtast for å lære av kvarandre.

Ein gjeng står framfor eit tre og smilar. - Klikk for stort bileteDenne gjengen gler seg til å vere vertskap for Erasmus+ ungdomsutveksling med besøkande frå Sola kommune, Ukraina, Moldova og Georgia. Bak f.v. Marie Flatin, Sveinung B. Snipsøyr, Trym T. Torsvik og Mari Torvund Måseide. Framme f.v. Ingrid Malme Lauvstad, Julia Szymanska, Astrid Eline B. Anderson og Natalie Strandebø. Ung Arena Ulstein

Frå Ulstein kommune er det med seks ungdommar og to ungdomsarbeidarar. – Vi gler oss, samstemmer gjengen, som ser fram til å ta i mot dei besøkande på Sunnmøre Folkehøgskule.


- Det blir mange kjekke aktivitetar, og vi håpar at veka vi er samla blir ei oppleving for livet, held Ulstein-gjengen fram.


Unik moglegheit


Bakgrunnen for denne internasjonale ungdomsutvekslinga er ei unik moglegheit Bell Ungdomsklubb ved Marie og Natalie fekk gjennom Ungdom og Fritid og BUFDIR. Med to samlingar i fjor, fekk dei høve til å bli kjent med potensielle partnarar for ei ungdomsutveksling. Fellesnemnar for partnarane var etter ønske frå ungdommar heime: korleis bygge god psykisk helse.


Namnet på Erasmus+ ungdom-prosjektet med midlar frå EU, er “Embrace, engage, empower: Youth mental wellness exchange”.


Ungdomsarbeidarane laga eit utkast til ein aktivitetsplan då søknaden vart sendt i fjor haust. Denne planen har deltakarane seinare fått vere med å forme. Dei vaksne har hatt fleire digitale møte siste månadene, også har det vore eit digitalt treff der alle deltakarar var inviterte med.


Dele gode opplevingar


Gjennom veka med ungdomssamling blir det mange ulike aktivitetar inne- og utandørs. 

- Vi startar med ulike lagbygging og bli kjent-aktivitetar. Vi skal lage og ete mat saman, vere sosiale og ikkje minst dele erfaringar på tvers av ulike kulturar. Det blir også yoga, mat og kreativ workshop, samt tur i fjellet, og med båt til Runde.


- Mykje får vi til med eigen innsats og gode kollegaer. Men det er fleire aktivitetar på ønskelista som vi er usikre om vi får råd til. Reisekostnadane vart langt høgare enn budsjettert med, som gir oss mindre til mat og aktivitetar, forklarar Ulstein-gjengen.


Dei har sendt ut nokre søknader om spons lokalt. Både ekstra hjelparar og ekstra midlar er ønska for utvekslinga som er 12.-18.august: 

-Vi er sikre på at vi får det kjekt uansett, men det er utan tvil ein bonus om vi kan få til det vesle ekstra når det kjem til aktivitet og mat, avsluttar dei.

Marie Flatin