Jobbkarantene etter utanlandsreiser for tilsette i kommunen

Jobbkarantene etter utanlandsreiser for tilsette i kommunen

Innflyging til Køpenhavn - Klikk for stort bilete Trine Syvertsen / Flickr Creative Commons Våre tilsette som har vore i utlandet, må ta koronatest før dei kan kome på arbeid. Det gjeld også etter reiser til såkalla grøne land. 

  

Den siste tida har talet på dei som blir stadfesta smitta av koronavirus i Noreg auka etter å ha vore stabilt lenge. Mange av tilfella er knytte til reiser til utlandet – også til grøne land. 

For å sikre innbyggane våre – og særleg dei i risikogruppene – i tillegg til våre tilsette, krev vi at alle tilsette som har vore i utlandet, tek koronatest. Kravet gjeld også tilsette som har reist i land som ikkje er omfatta av karantenekrav frå nasjonale mynde (grøne land). 

 

Karantene inntil negativt testresultat

Alle kommunalt tilsette som har vore i utlandet i løpet av dei siste ti dagane, må teste seg for covid-19-smitte.

Fram til eit negativt testresultat er klart er vedkomande i karantene frå arbeidsplassen sin. 

Ved jobbkarantene skal alternative løysingar/arbeidsoppgåver/heimekontor og liknande avtalast med leiar. 

 

Vask og test!

Vi oppmodar alle innbyggarar, særleg dei som har vore på reise, om å vere ekstra nøye med handvask og det å halde avstand til andre i tida som kjem.

Ein konsekvens av auka utanlandssmitte, gjer også at vi ber om at alle som har vore i utlandet ventar i ti dagar før dei besøker sjukeheim og omsorgsbustader. 

Viss du har symptom – også milde – på luftvegsinfeksjon, skal du halde deg heime. Alle med symptom bør teste seg for koronasmitte. Ta kontakt med lege for råd og å avtale testing. Vi har god testkapasitet. 

Ulstein legesenter når du på telefon 70 01 89 89