Kjempeinnsamling i Ulstein etter sterk innsats frå skular og næringsliv

Kjempeinnsamling i Ulstein etter sterk innsats frå skular og næringsliv

Skuleløp på Ulstein - Klikk for stort bileteSkulane har mykje av æra for resultatet. Her det innsamlingsløp ved Ulstein skule. Synnøve Haug Ulstein-samfunnet har gitt klart meir til TV-aksjonen i år enn i dei føregåande åra. Ulstein er kjerringa mot havstraumen, for resultatet i fylket og landet er det svakaste på fleire år. 

  

OPPDATERING 20.10.: Det vart rekord!

 

Stoda måndag føremiddag er 520 090 innsamla kroner i Ulstein. Det kjem framleis inn pengar, så talet er venta å auke. Per innbyggar er det no samla inn 60,68 kroner i Ulstein, 20 kroner over landssnittet. 

På pallen i fylket

Og med 60,68 kroner per innbyggar ligg Ulstein no heilt oppe på 3. plass i Møre og Romsdal. Det er eit stort sprang opp samanlikna med åra før: I 2016 låg Ulstein på 28. plass i fylket, i 2017 på 29. plass, i 2018 på 16. plass og i 2019 på 16. plass. 

Nasjonalt ligg Ulstein no på 34. plass av 357 kommunar. 

Du kan framleis gi! Her finn du dei lokale, digitale bøssene

Skular og bedrifter 

Elevar og barnehagebarn har samla inn svært mykje i Ulstein: nesten 200 000 kroner. Til dømes har elevane ved Ulsteinvik barneskule sørga for årets tredje største enkeltbidrag til aksjonen i fylket per no, med heile 148 112 kroner. 

Næringslivet har også bidratt mykje meir i år enn i dei siste åra. Årets aksjon er til inntekt for WWFs arbeid mot plast i havet. 

– Tusen hjarteleg takk til alle som har bidratt til ei svært viktig sak, seier Stian Lehmann Scheide, varaordførar og leiar for TV-aksjonskomiteen i Ulstein. 

Nedgang nasjonalt

Totalbeløpet i Ulstein ligg klart over det som vart samla inn i åra 2016, 2017, 2018 og 2019, ifølge statistikken TV-aksjonen har lagt ut.

Og utviklinga i Ulstein er motsett av tendensen nasjonalt og i fylket samla sett: Der er årets beløp det svakaste på fleire år. 

Her kan du sjå meir av statistikken over det som er samla inn i Ulstein, i fylket og elles i Noreg