Ivar Kvaal/DSB
Eigenberedskap handlar om å vere førebudd på ulike situasjonar. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap rår til at flest mogleg klarer seg sjølv i ei veke. På den måten kan kommunar og naudetatar prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise.
Du finn all informasjonen du treng om egenberedskap på nettstaden sikkerhverdag.no.
Kva kan skje?
Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, mellom anna som følge av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer bra i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulykker, sabotasjar og i verste fall krigshandlingar kan råke oss.
Ulike kriser kan få store konsekvensar for enkeltpersonar og samfunn. Til dømes kan eit langvarig straumbrot gjere livet utfordrande. Det kan føre til at vatnet i springen, kloakksystemet, medisinsk utstyr, betalingsløysingar, billading, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskåp og moglegheit for matlaging ikkje fungerer som normalt.
Ved å styrke eigenberedskapen din invisterer du i tryggheit for deg sjølv og dine næraste. Litt førebuing er betre enn inga.
Sjekkliste for eigenberedskap
Under finn du ting det er lurt å ha heime. Du bør med jamne mellomrom gå gjennom behova dine og oppdatere lageret ditt. Hugst at det også kan vere lurt å samarbeide med familie, vener og naboar om eigenberedskap.
Mat og vatn
- Reint drikkevatn lagra på dunkar eller flasker
- 20 liter drikkevatn per person dekker minimumsbehovet. Fyll vatn på reine kanner eller falsker, eller kjøp i butikken. Reint vatn på reine flasker kan lagrast i fleire år utan at det vert dårleg.
- Mat som toler å bli lagra i romtemperatur
- Grill, kokeapparat eller stormkjøkken
- Ekstra gassbehaldarar eller brennstoff
- Mat og vatn til kjæledyr
- Litt kontantar og fleire betalingskort
Ivar Kvaal/DSB
Varme og lys
- Varme klede og pledd, dyner eller soveposar
- Fyrstikker og stearinlys
- Ved – dersom du har vedomn eller peis
- Gass- eller parafinomn som er laga for bruk innandørs
- Avtale om overnatting
- Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller
Ivar Kvaal/DSB
Informasjon
- DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller
- Batteri og oppladd batteribank
- Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes nødnummer og nummer til legevakt, veterinær, familie, vener og naboar
Legemiddel og hygiene
- Legemiddel og førstehjelpsutstyr
- Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande)
- Hygieneartiklar i form av våtserviettar, handsprit, bleier, toalettpapir, bind og tampongar
Ivar Kvaal/DSB