Klart for opning av Bjørndalvegen

Klart for opning av Bjørndalvegen

Bjørndalvegen. Odd Kåre Vik Etter ein anleggsperiode på fem månader er det no straks klart for opning av Bjørndalvegen.

- Etter ein anleggsperiode på fem månader opnar Bjørndalvegen for gjennomgåande biltrafikk til helga. Arbeidet med legging av nye hovudvassleidningar har vore svært omfattande, særleg kryssing av Vikelva. No er vassleidningane sette i drift.  I vinter vert det eit mellombels grusdekke på vegen, men til våren vert der lagt ny asfalt, og da må vi igjen stenge for gjennomkøyring ei kortare periode, opplyser avd. leiar drift og anlegg Odd Kåre Wiik.

Neste steg i prosjektet utskifting av hovudvassleidningar frå Garnesvatn til Bugarden - er inste del av Kyrkjegata frå Vikemyra til Fredheim. Dette arbeidet tek til om ca. ei veke.

Ulstein kommune nyttar høvet til å takke oppsitjarar og butikkdrivarar for tolmod og god forståing medan vegen har vore stengt.