Koronaviruset: Kva med påska?

Koronaviruset: Kva med påska?

Tips: Utforsk ein ny sti eller turveg i løpet av påska. Svein Arne Orvik Kva betyr dei nasjonale tiltaka mot koronaviruset for kva ein kan gjere i påska? 

  
Regjeringa har forlenga dei nasjonale smitteverntiltaka til i første omgang 13. april. Styresmaktene ber befolkninga om å unngå alle reiser som ikkje er nødvendige, både innanlands og utanlands. Det gjeld også det å reise heim til påske og andre typar feriar.  

Unngå offentleg transport og andre stadar der du lett kjem nær andre, viss du kan. Dei som kjem frå reiser i utlandet skal i karantene. Helsepersonell som jobbar med pasientbehandling er forbodne å reise til utlandet.  

 

Kva med besøk til vener og familie? 

Dei i familien som er friske og bur saman, kan vere i lag som vanleg. Det gjeld også barn i skilde familiar. Besøk og samvær med andre utanfor familien bør avgrensast.  

Viss du er i ei risikogruppe, er råda ekstra viktige for deg. Har du tenkt å besøke slektningar over 65 år? Då må du tenke på at dei er i risikogruppa for å bli alvorleg sjuke viss dei vert smitta av koronaviruset. Barn og vaksne med kroniske sjukdomar er også i risikogruppa. Dei må skjermast frå smitte.  

 

Kan eg dra på hytta?  

Nei, som hovudregel ikkje. Det nasjonale forbodet betyr at du ikkje kan overnatte på hytta, viss hytta ligg i ein annan kommune enn den du er folkeregistrert i. Det einaste unntaket frå regelen gjeld viss du er i karantene fordi du deler husstand med ein som er bekrefta smitta av koronaviruset. Då kan du og andre friske familiemedlemmer overnatte på fritidseigedomen så lenge den smitta er i isolasjon. Den smitta skal vere heime. Ingen kommunar gir dispensasjon frå desse reglane.  

 

Kva kan ein finne på i påska? 

Kanskje du vil utforske ein sti eller turveg du ikkje har gått på før?  

Ulstein bibliotek deler ut bøker etter avtale. Ta kontakt på e-postadressa bibliotek@ulstein.kommune.no eller ring 70 01 77 17 mellom klokka 9 og 16 på kvardagane. Du kan også låne e-bøker på nettet. Sjå nettsida til biblioteket.  

Dei offentlege leikeplassane og idrettsanlegga utandørs i Ulstein er opne, men hugs: god og hyppig handvask, ver heime ved sjukdom, hald to meters avstand og ver ikkje fleire enn fem personar i lag.  

Meld deg gjerne til frivilligsentralen viss du kan hjelpe sambygdingar med innkjøp av mat og apotekvarer: inger.dimmen@ulstein.kommune.no, tlf. 98 23 06 13 (mellom kl. 10 og 14 på kvardagar).  

Ta gjerne ein ekstra telefon til nokon som vil bli glad for å høyre stemma di. Tilby deg å hjelpe med praktiske ting. 

Mange aktørar, både lokale og nasjonale, byr på oppleving og fellesskap på internett. Sjå etter – og tips gjerne andre om det du finn. 

 

Førebygg smitte 

Det er viktig at alle hugsar å  

  • vaske hendene ofte og nøye  

  • halde to meters avstand til andre  

  • vere i lag med så få personar som mogleg (Generelt: ikkje fleire enn fem i lag. Barn og unge: maks i lag med to vener gjennom perioden der skulane er stengde.)  

  • unngå å hoste ut i lufta  

  • halde seg heime viss ein er sjuk  

  • respektere reglane som gjeld i karantene og isolat  

Viss du har teikn på luftvegsinfeksjon (nysing, hoste, tung pust og/eller feber): Ikkje ver saman med eldre eller personar med nedsett immunforsvar. 

 

Vi ønsker alle ei god påske!