Koronaviruset: Mange har meldt seg som helsepersonell Pexels 110 personar har registert seg som helsepersonell i Ulstein for å kunne bidra i koronasituasjonen. Dei har brei bakgrunn og kompetanse. Vi er svært takksame for alle som har meldt seg. Dei vert kontakta når behovet er der. Du kan framleis registrere deg Registrer deg gjerne dersom du har helsefagleg utdanning og jobbar utanfor helsevesenet eller har ledig kapasitet. Verdifull breidde i bakgrunn og kompetanse Desse har meldt seg per 27. mars: Autoriserte sjukepleiarar: 16 Sjukepleiarstudentar: 16 Medisinstudentar: 6 Hjelpepleiarar: 9 Omsorgsarbeidarar: 2 Helsefagarbeidarar og helsesekretærar: 24 Ambulansefagarbeidarar: 4 Andre (apotekteknikar, sosionom, vernepleiar, veterinær, fysioterapeut, naprapat, tannlege, bioingeniør, Røde Kors, førstehjelp, barne- og ungdomsarbeidar med meir): 33 Publisert 27.03.2020 18:51 Sist endra 27.03.2020 19:05