Kvalitet på badevatnet i Ulstein

Kvalitet på badevatnet i Ulstein

Risikoen for å verte sjuk ved utandørs bading i Noreg er generelt liten. Om du vil ta ein dukkert i Ulstein kommune, er du likevel sikrast om du vel ein badeplass utanfor sentrum.

Oppdatering 4. juli: Kommunen har fått svar på vassprøver tekne 2. juli. Osnessanden er no “friskmeldt”, og prøvene viser at det er forsvarleg å bade der.  Sentrum elles er ikkje særleg eigna for bading, trass i mykje nedbør. Så byd vel kanskje ikkje nedbør opp til bad heller.

I Haddal vart prøvestaden flytta til stranda ved utsleppsleidninga i indre del. Også her er prøvene fine. Borgstein er også akkurat innanfor på prøvene. 

Det er altså god kvalitet på badevatnet ved Roppesanden, Ivagarden, Osnessanden, Haddal og Eiksundsanden. I tillegg ligg Borgstein akkurat innanfor.

 

Det norske regelverket for vasskvalitet i friluftsbad vart utforma som ei norm frå Helsedirektoratet i 1994. Det er definert tre nivå på kvaliteten på badevatnet, blant anna målt etter kor mange tarmbakteriar det er i vatnet. 

Badevasskvalitet
Tilstand Mengde
god mindre enn 100
mindre god 100–1000
ikkje akseptabel større enn 1000

Mengde e.coli og intestinale enterokokkar per 100 ml

 

Vasskvaliteten vil variere over tid. Både temperatur, nedbør, flod/fjøre og framandvatn i avløpsrør påverkar. For å seie noko generelt om kvaliteten, må det ha vorte tatt minimum fire prøver i løpet av badesesongen, og det må ha vorte følgt over fleire år. Dette har ikkje vore gjort i Ulstein.

Varierande kvalitet

I samband med at det vart kjent at det kan gå ureinsa kloakk ut i sjøen i sentrum har det vorte tatt prøver av vasskvaliteten fleire stadar i kommunen.

På målestadane i sentrumskrinsen har kvaliteten variert mellom god og ikkje akseptabel på målingane. Det gjer at vi ikkje kan  frikjenne nokon av områda til å ha god badevasskvalitet. Særleg i hamna nær utløpet vil vi fråråde bading. Bading elles i sentrum kan gjere at du uset deg sjølv for ein risiko for mage/tarm-infeksjonar, så her oppmodar vi innbyggarane til å gjer eigne vurderingar av risiko for seg sjølv. Mest truleg har vasskvaliteten vore på tilsvarande nivå i mange år, og det har så vidt vi kjenner til ført til lite sjukdom.

Stadane vi har målt er småbåthamna, ved Sjøsida 2, ved Ulstein hotell, nedanfor Vikholmen, på Borgstein og på Osnessanden.

Målingane frå krinsane Haddal, Eiksundsanden, Roppesanden og Ivagarden var alle fine.

Vi vil ta nye målingar framover og følger med på kvaliteten.

To siluettar mot solnedgangen på Roppesanden. - Klikk for stort bileteRoppesanden i solnedgang. Janne-Marit Myklebust