Kven fortener Frivilligprisen 2024 i Ulstein?

Kven fortener Frivilligprisen 2024 i Ulstein?

Inger Anne Dimmen, leiar i Ulstein frivilligsentral - Klikk for stort bileteLeiar i Ulstein frivilligsentral, Inger Anne Dimmen vil ha forslag på kandidatar til Frivilligprisen 2024. Janne-Marit Myklebust

Har du forslag på kandidat til Frivilligprisen 2024? Fram til 26. november kan du foreslå kandidatar i Ulstein.

Kva er frivilligprisen?

Prisen er ei påskjønning for aktiv innsats innan frivillig arbeid i kommunen, og skal synleggjere frivilligheita sin store verdi gjennom å løfte fram og heidre gode eksempel og resultat for frivillig innsats i Ulstein kommune. 

Prisen er på 5000 kroner. 
 

Kven kan få frivilligprisen?

Frivilligprisen vert tildelt ein initiativrik person eller ei gruppe som har utmerka seg med frivillig arbeid i kommunen.

Føremålet med prisen er å styrke samspelet mellom kultur, helse, organisasjonsliv og den frivillige sektor elles. 
 

Korleis nominere kandidatar?

Forslag på kandidatar kan du sende skriftleg til inger.anne.dimmen@ulstein.kommune.no, eller per brev til:

Ulstein kommune
v/Ulstein Frivilligsentral
Postboks 143
6067 ULSTEINVIK

Du kan også levere forslaget ditt til servicetorget på rådhuset, eller til frivilligsentralen i Skollebakken.

 

Forslaget ditt skal også innehalde ei grunngjeving på kvifor denne kandidaten fortener Frivilligprisen 2024. 

Fristen for å foreslå kandidatar er 26. november. 

 

Tildeling av frivilligpris

Styret i Ulstein Frivilligsentral er jury for tildeling av frivilligprisen.

Tildelinga skjer på den internasjonale frivilligdagen 5. desember.

 

Tidlegare vinnarar av frivilligprisen i Ulstein kommune

Her kan du sjå kven som har vunne frivilligprisen tidlegare.