Landets tredje mest opne kommune

Landets tredje mest opne kommune

Ulstein er den tredje mest opne kommunen i landet. Det kjem fram i ei fersk kåring.

Arkivleiar i Ulstein, Silje Ekroll Riborg. Janne-Marit Myklebust  

– Det er kjekt å sjå at vi klatrar to plassar opp frå femteplassen i fjor, seier arkivleiar i Ulstein, Silje Ekroll Riborg om årets tredjeplass i Åpenhetsbarometeret 2022, frå Pressens offentlighetsutvalg og Kommunal Rapport.

– Vi jobbar stadig med å forbetre oss. Vi skal vere gode på innsyn, og dette viser at vi gjer mykje rett i Ulstein. Det er godt å sjå det svart på kvitt, og det gir motivasjon til å halde fram det gode arbeidet.

Best i fylket

Møre og Romsdal er overrepresentert blant kommunane i toppsjiktet, samtidig som det generelle nivået er høgt. 22 av 26 kommunar ligg over landssnittet på 11 poeng.

Aller best gjer Ulstein, Volda, Rauma og Averøy det, med 19 av 20 poeng. Vi er dermed på delt førsteplass i fylket, og delt tredjeplass nasjonalt.

– Alle fire svarte på innsynskrava våre kjapt, og dei har postlister med gode moglegheiter for søk. Her er det meste på plass av det vi måler, og dei som vil søke informasjon eller be om innsyn hos kommunane har svært gode arbeidsvilkår, står det i rapporten.

Lenke: I fjor kom Ulstein på femteplass i den same kåringa

Landets mest opne kommunar er Rindal og Ørland i Trøndelag. Verst ut kom Hvaler.

Kva mangla?

Det var ikkje mykje som mangla for at Ulstein skulle fått full pott og 20 av 20 poeng.

– Ulstein fulltekstpubliserer for få dokument til å få full pott. I perioden vi undersøkte var om lag 60 prosent av dei offentlege dokumenta i journalen publisert i fulltekst – noko som likevel er over snittet, men ikkje nok til å full pott, står det i rapporten.

Heile rapporten kan du lese her 

Vil du ha innsyn?

Postlister og politiske dokument

  • Ei postliste viser ei oversikt over all post sendt til og frå kommunen, i tillegg til interne dokument i Ulstein kommune. 
  • Alle kommunar er pålagt å offentleggjere ei postliste.
  • All post folk sender til kommunen er journalpliktig og vert registrert og vist på postlista. Dokument som inneheld sensitive opplysningar, som til dømes personnummer eller helseopplysningar, er unnateke offentleg innsyn.
  • Det er mogleg å søke i postlistene. Til dømes kan du søke på ditt eige namn som avsendar og få opp alle offentlege brev som er sendt til og frå deg.

 

Les også: Ulstein best i test – førsteplass i kommunebarometeret

Resultat i Møre og Romsdal

Resultat i Møre og Romsdal
Plassering Kommune Poeng
1. Rauma 19
1. Volda 19
1. Ulstein 19
1. Averøy 19
5. Sunndal 18
5. Sande 18
5. Hareid 18
8. Tingvoll 17,5
9. Kristiansund 17
10. Ålesund 16,5
11. Surnadal 16
12. Aukra 15,5
12. Vanylven 15,5
12. Smøla 15,5
15. Gjemnes 14,5
16. Ørsta 13,5
16. Herøy 13,5
16. Hustadvika 13,5
16. Vestnes 13
19. Sula 13
19. Molde 13
22. Fjord 12,5
23. Stranda 10,5
24. Aure 10
25. Giske 9,5
26. Sykkylven 5,5