Linda er ny styrar i Almejordet

Linda er ny styrar i Almejordet

Linda Christin Arneberg er tilsett som styrar i Almejordet barnehage.

Portrett utanfor rådhuset i Ulstein. - Klikk for stort bileteLinda Christin Arneberg. Janne-Marit Myklebust

Linda har vore konstituert styrar siste året, men har no fått jobben fast. Ho er utdanna barnehagelærar med master i spesialpedagogikk.

– Det er dette eg brenn for, fortel Linda nøgd.

– Barnehagen er eit menneske sitt første møte med institusjonen. Det er første steg i opplæringa. Det er stort å få vere med på å danne ein god barndom, og legge til rette for at barn skal få lære og utvikle seg i eit godt miljø.

Ho har jobba i barnehage sidan 2017, og har tidlegare erfaring som miljøterapeut.

No gler ho seg til jobben i Almejordet.

– Her har vi ei fin foreldregruppe og barnegruppe, og gode tilsette. Saman skal vi gjere det beste for ungane.