Løftar leseopplæringa med pionerprosjekt

Løftar leseopplæringa med pionerprosjekt

Vi må gjere meir for at elevane skal bli så gode lesarar som råd. Det er kommunane Sande, Ulstein og Herøy samde om. No har dei laga ein splitter ny leseplan i lag.

Leseplanen er blitt til i godt samarbeid. Frå venstre: Liv Kristin Bjørlykke Øvereng, lektor ved Høgskulen i Volda; Brit-Synnøve Torvik, fagleiar for oppvekst i Herøy kommune; Marianne Ulstein Johnston, rådgjevar for oppvekst i Ulstein kommune; Liv Sæther Myskja, konsulent for oppvekst i Sande kommune. Elisabeth Warpe, Herøy kommune

Ei arbeidsgruppe med lærarar og representantar frå dei tre kommunane har jobba fram leseplanen, med fagleg støtte frå Høgskulen i Volda.

Blant dei første i landet

– Vi har laga planen for å få eit betre og meir systematisk arbeid med språkstimulering og leseopplæring i grunnskulen. Målet er at elevane blir betre lesarar, seier Brit-Synnøve Torvik, fagleiar for oppvekst i Herøy kommune og koordinator for planarbeidet.

Leseplanen er klar til bruk i alle skulane i Sande, Ulstein og Herøy frå hausten.

– Planen er ein av dei første digitale leseplanane i landet. Han vil bli utvikla og tilpassa etter tilbakemeldingane lærarane gir når dei har tatt han i bruk, seier Marianne Ulstein Johnston, rådgjevar for oppvekst i Ulstein kommune.

Lesing i alle fag

Leseplanen skal vere ein reiskap for lærarar i alle fag gjennom heile grunnskulen.

– Dei første åra spelar læraren ei ekstra stor rolle. Etter kvart blir eleven meir og meir sjølvstendig. Ved slutten av grunnskulen er målet at eleven er ein heilt sjølvstendig lesar, seier Liv Sæther Myskja, konsulent for oppvekst i Sande kommune.

Sjå filmen som presenterer leseplanen.

Det er skulane som skal sette i verk leseplanen, men han vender seg også til foreldra. I planen blir foreldra mellom anna oppmoda om å lese høgt for borna, slik at dei kan bli glade i bøker.

Avdekke behov for ekstra hjelp

Leseplanen har to hovuddelar:

  • plakatar med mål og aktivitetar til kvart klassetrinn
  • idear og verktøy som kan brukast på ulike trinn

I planen ligg det også verktøy som skulane skal bruke for å finne ut om elevane treng ekstra hjelp med lesinga.

– Oppdagar skulane at elevar møter utfordringar, må dei sette inn tiltak med ein gong – ikkje vente og sjå, seier Isabella Pareliussen, lektor ved Høgskulen i Volda og samarbeidspart for arbeidsgruppa.

Sjå sjølve leseplanen her.