Ulstein Mannskor har sidan 2016 arrangert den felles 8.mai-markeringa i Ulsteinvik.
Hanne Notøy
Sidan 2016 har Ulstein Mannskor arrangert den felles markeringa av 8. mai i Ulsteinvik.
Mannskoret ønskjer velkomen med song og tale frå leiar Otto Johan Botnen.
Alle ordførarane på Søre Sunnmøre vil ta del i markeringa, saman med veteranar og pårørade.
I år er det ordførar i Hareid kommune, Bernt Brandal, som held tale på vegner av dei sju kommunane.
Kåre Oksavik vart vitne til at faren og andre i Oksavika i Sande kommune vart arresterte av okkupasjonsmakta 1. februar 1945, ein dag det vart gjennomført razzia fleire stadar på Søre Sunnmøre i jakta på motstandsfolk.
Dei arresterte vart haldt i fangenskap med fare for liva sine, heilt fram til frigjeringsdagen kom 8. mai 1945.
Oksavik deler denne historia under markeringa ved Ulstein rådhus.
Kaptein Ole-Jackob Arnesen held appell på vegner av Heimevernet, og russepresident ved Ulstein vidaregåande skule, Linus Kopperstad, vil stå for dei unge si røyst på frigjerings- og veterandagen.
Heimevernet og NVIO (Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner) er æresvakt under markeringa.