Det seier avdelingsleiar for drift og anlegg, Odd Kåre Wiik, etter at fontena i sentrum nok ein gong er fylt med middel som lagar store mengder skum.
Det er ein stor jobb å reingjere pumper og tank kvar gong dette skjer.
– Det er også eit moment at skummet tek mykje av merksemda til enkelte køyrande. Heldigvis er det låg fart i ei rundkøyring. Vi synest sjølvsagt at dette er leitt, og det kan ikkje halde fram slik.
Kommunen vil drøfte tiltak som kanskje kan hjelpe på situasjonen.
– Vi gir ikkje opp heilt enda, forsikrar Wiik.