Bakgrunnen er at regjeringa har bestemt å innføre nedjustert TISK (testing, isolering, sporing og karantene) i kommunane frå 27. september. Vi går no over til "Ein normal kvardag med auka beredskap".
- Det er framleis slik at du ved nyoppstått luftvegsinfeksjon, spesielt ved feber og hoste, skal halde deg heime og teste deg. I det nye opplegget med nedskalert TISK er det lagt opp til overgang til hurtigtestar i staden for PCR-test, seier kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde.
I staden for PCR-test som teststasjonen tilbyr, vert difor alle tilbodne å hente ein heimetest ved legekontoret. Fordelen er at folk får kjapt svar og kan ta ei vurdering saman med leiar/tilsette om vedkomande er frisk nok til å gå på arbeid.
- Vi må prøve å kome tilbake til slik det var før pandemien, der det var mogleg å møte på jobb når allmenntilstanden er god nok, og bruke vanlege smittevernreglar for å unngå smitte til andre. Testane er for å trygge folk på at dei ikkje smittar andre med korona. Viss testen er positiv skal du isolere deg og bestille PCR-test for å sikre at det ikkje er ein falsk positiv.
Her kan du lese instruksjonane for heimetesting (PDF, 327 kB)- eller du kan sjå denne videoen: