MinEigedom

MinEigedom

Norkart AS

 

 

MinEigedom er ei kostnadsfri løysing til deg som innbyggar, der du 24/7 får sjå kva som er reigstrert på dine eigedomar.

Logg inn: MinEigedom

Tenesta gir deg oversikt over eigedomen og kommunale tenester knytt til eigedomen/-ane du er heimelshavar på. Den gir mellom anna oversikt over adresser, matrikkeldata på bygg og eigedom, eigedomsgebyr og faktura, eigedomsskatt, kart, vassmålar, feiing og septiktank. Du kan også sende meldingar inn til kommunen via tenesta. 
 

Innlogging via ID-porten

ID-porten er ei felles innloggingsløysing for offentlege tenester på nett. For å logge deg inn på tenester frå stat og kommune, også Ulstein kommune, må du ha elektronisk ID. Via ID-porten kan du nytte innlogging via fem alternativ for elektronisk ID (minID, BankID, BankID på mobil, Buypass, Commfides eller Buypass ID på mobil). Ein elektronisk ID er viktig for å bekrefte at du er den du utgir deg for å vere.

Vil du ha meir informasjon om ID-porten, får du det her.