MOT til å glede-dagen

MOT til å glede-dagen

MOTivatorar ved Ulstein ungdomsskule. Marie Flatin Tysdag 23. november vert MOT til å glede-dagen arrangert over heile landet. Dagen handlar om å ha MOT til å leve og MOT til å bry seg.

Ulstein kommune er «Lokalsamfunn med MOT», og markerer sjølvsagt MOT til å glede-dagen.
- Vi starta markeringa ved Ulstein ungdomsskule måndag morgon. Elevar og tilsette vart møtt med smil, eit hei, noko søtt og ein lapp med ei oppmoding som handla om å gjere noko for andre, forteller MOT-koordinator i Ulstein, Marie Flatin.

Ungdom som forbilde

Første time starta med samling i aulaen med appell om kor viktig det er å bry seg om andre då det er ungdommar som kjenner på utanforskap. Ulstein ungdomsskule sine nye «Ung MOTivator» vart presentert. Åtte ungdommar har takka ja til oppdrag om å vere gode forbilde og bidra til eit godt skulemiljø. Gjennom heile veka er dei til stades i matfriminuttet, og har aktivitetar i «MOT-loungen» ved skulen. Fredag vert det temadag «kosekle» med fokus på å ha på seg noko ungdommane trivst i. Det vert også kåring av «Klassa sin gledesspreiar».
 

Konkurranse om glede

Markering av «MOT til å glede» starta alt i oktober då alle klassene ved ungdomsskulen vart utfordra til å sende inn bidrag til MOT i Ulstein og Vikebladet/Vestposten sin konkurranse med tema glede. Tre av klassene ved skulen sendte inn sine avis-sider, og alle var så gode at dei kom på trykk i avisa fredag 19.november.

Redaktør i Vikebladet Vestposten, Linda Eikrem (oppe til høgre) saman med nokre av åttandeklassingane som var med og laga avissider. Marie Flatin  

 

Avisa ved redaktøren var til stades under samlinga måndag og presenterte bidraga og avslørte vinnaren som vart 8C. Gjennom sitt bidrag viste denne klassa glede gjennom flotte ord, teikning og foto. I tillegg viste dei tema på ein flott måte gjennom handling ved å ta ein runde i sentrum for å spreie glede. 8C får 1000 kroner til klassekassa og pizza til klassa frå MOT i samarbeid med Napoli Pizza Ulsteinvik.
  

MOT-klubben Bell

Markering av «MOT til å glede» har også starta ved Bell ungdomsklubb. Forrige veke var rundt sytti av 6.klassingane i kommunen på besøk der eldre ungdom var med å hjelpe til med aktivitetar, musikk og kiosk. I tillegg kom politiet på hyggeleg besøk, og var med ungdommane på aktivitetar.
23.november, er det kommunen sine 7.klassingar som kjem på besøk, medan fredagen er det ungdom frå 8.trinn som er invitert.

Betyr meir enn du trur!

Etter ei vanskeleg og framleis krevjande tid med sosiale avgrensingar er det ekstra viktig å spreie glede og hjartevarme. Det trenger ikkje koste noko, men til gjengjeld kan det bety så mykje.
- Vi vil utfordre alle til å glede nokon dei møter i dag. Seie hei til naboen, smil til alle på din veg, ta ein telefon til ein venn du ikkje har hatt kontakt med på ei stund eller kanskje du kan skrive eit hyggeleg kort til nokon? Moglegheitene for å glede andre er mange!

MOT ønsker å skape eit varmare og tryggare samfunn – der alle vert sett og inkludert. Vi har alle eit ansvar, så kvifor ikkje bruke denne MOT til å glede-markeringa til å gjere ein liten innsats? Det kan bety meir enn du trur!

 

Beste helsing frå MOT i Ulstein

 

Kort informasjon om MOT Norge og MOT til å glede-dagen:

  • MOT til å glede-dagen har vorte arrangert sia 2004.
  • Nesten 70.000 elevar har MOT på skulen.
  • MOT gjer ungdommar meir robuste og gir mot gjennom livsmeistringsprogram i skulen.
  • Viktigaste innsatsområde er MOTs program på ungdomsskulen og vgs.