MOT til barneskulen

MOT til barneskulen

Tolv 9. klassingar er klare for å besøke barneskulane med MOT-økter.

Ein flokk med ungdommar som sitt oppstilt og smilar - Klikk for stort bileteUng MOTivator» på årets 9.trinn ved Ulstein ungdomsskule. Denne kjekke gjengen gler seg til å besøke alle 7.klassene i kommunen med to MOT-økter før sommarferien. Marie Flatin, MOT i Ulstein

Fredag 21. mars er første MOT-økt for 7. klassingane ved Haddal skule. Komande veke får dei andre 7.klassene ved Ulstein, Hasund og Ulsteinvik barneskule besøk av «Unge MOTivatorar», utvalte 9. klassingar ved Ulstein ungdomsskule.
– Vi gler oss, samstemmer dei tolv ungdommane, som er valt ut etter søknad og anbefalingar frå medelevar og andre.


I lære hos MOT Norge

«Ung MOTivator» er ein del av det førebyggande MOT-programmet ved Ulstein ungdomsskule der motiverte 9. klassingar med ønske om å gjere ein forskjell er med.
Elevane ved ungdomsskulen har tidlegare i år gjennomført ei skulering med MOT Norge. Denne samlinga var MOT i Ulstein vertskap for, og det var også med ungdommar frå Herøy, Ørsta og Vanylven.
– På denne skuleringa har ungdommane lært om MOT og verdiane til organisasjonen, samt lært om presentasjonsteknikk, rolla som førebilete og gjennomgang av manus dei skal bruke i MOT-økt for 7. trinn, forklarar MOT-koordinator, Marie Flatin i Ulstein kommune.


Trygg overgang

Den første økta får 7. klassingane lære om MOT og dei får sjansen å stille spørsmål om ungdomsskulen. Før sommarferien kjem dei unge motivatorane tilbake til 7.klassene for ei andre økt.
– Målet med programmet er å bidra til å trygge overgangen frå barne- til ungdomsskulen. Unge motivatorar som no er 9. klassingar, vil til hausten vere dei eldste på skulen og dei har ei ekstra oppgåve med å møte og inkludere 8.klassingane, held Marie fram.
Ulstein kommune har hatt MOT i ungdomsskulen i 20 år, og «Ung MOTivator» dei siste 14 åra.