No kan du bestille time med denne gjengen

No kan du bestille time med denne gjengen

Det enkle er ofte det beste. I staden for å vente på at vi skal svare deg, gir vi deg tilgang til kalenderen slik at du kan bestille tid med byggesaksavdelinga vår sjølv.

Med vestar og hjelm utanfor rådhuset. - Klikk for stort bileteTrine Sæter, Arild Støylen og Anita Sundnes frå plan- og bygningsavdelinga håper mange vil bruke den nye bookingløysinga vår. Janne-Marit Myklebust

– Dette gjer vi for å kunne gi betre tenester og verte meir effektive. På denne måten kan vi stille meir førebudde, seier leiar for plan- og bygningsavdelinga, Anita Sundnes.

Via booking-løysinga oppmodar vi innbyggarane om å bestille tid dersom dei har spørsmål i saker som gjeld bygging og frådeling.  Booking-løysinga opnar for fysisk møte, Teams-møte og telefonmøte. 

Reserver tid

På møtet vurderer vi ikkje den konkrete byggesaka eller konkrete løysingar, men gir rettleiing om korleis du skal gå fram for å søke, kva krav det er til dokumentasjon og korleis du kan få tak i naudsynt informasjon.  Møtet er gratis og varer i maks 20 minutt.

Møtet erstattar ikkje førehandskonferansar.  Dersom du treng meir tid enn 20 minutt, eller har ei konkret byggesak du vil ha innspel på, må du tinge førehandskonferanse: 

Ting førehandskonferanse