No kan lag og organisasjonar søke om midlar til generelle tilskot

No kan lag og organisasjonar søke om midlar til generelle tilskot

Blå sparegris - Klikk for stort bilete Pexels

Vi lyser ut midlar til generelle tilskot med søknadsfrist 1. oktober. Her finn du informasjon om kven som kan søke og korleis.

Kven kan søke?

Lag og organisasjonar heimehøyrande i Ulstein kommune, eller som har arbeidet sitt retta mot menneske eller grupper heimehøyrande i kommunen, kan no søke om midlar til generelle tilskot.


Kva tiltak kan ein søke på?

Alle tiltak som har til formål å betre livskvaliteten til menneske i kommunen.


Kor mykje midlar er til rådvelde?

Levekårsutvalet i Ulstein disponerer årleg 50.000 kroner til føremålet, og løyver 25.000 kroner per halvår.


Samfinansiering

Det er ikkje krav om samfinansiering, men søknaden skal skildre korleis midlane er tenkt brukt i ein heilskapeleg samanheng.


Søknadsfrist

  • Søknadsfrist for tildeling 2. halvår 2024: 1. oktober med tildeling innan utgangen av november. 
     

Retningslinjer og kriterier for tildeling av generelle tilskot (PDF, 506 kB)

 

Korleis søkje?

Søknad kan sendast på e-post til postmottak@ulstein.kommune.no.
Merk søknaden "Generelle tilskot 2024".

Hugs å skrive kontonummer pengane skal overførast til, og ev. organisasjonsnummer i søknaden.

Kontakt

Kari Marie Øvrebøe
sekretær
E-post
Mobil 90 05 07 57