No kjem postlista vår i fulltekst

No kjem postlista vår i fulltekst

Alle som vil har hatt moglegheit til å bestille innsyn i ulike dokument frå postlista vår. No gjer vi det enklare for både deg – og oss, og publiserer inngåande og utgåande post i fulltekst.

Der er sjølvsagt nokre unntak. Personvernet står sterkt, og vi publiserer ikkje sensitiv informasjon.

Alle møtedokument som ikkje er unntatt offentleg innsyn, og plan- og byggesaker har tidlegare også vore ute i fulltekst. No vil også resten av postlista vår vere lett tilgjengeleg. 

Om du ønsker å ta eit djupdykk i postlista kan du ta ein kik her:

 Postliste

– Dette gjer vi for å verte ein meir open kommune og lette tilgjengelegheita for innbyggarane. Det gir også oss redusert arbeid med innsynskrav, seier leiar for dokumentsenteret, Helga Bøe.

Før såg det slik ut, og du måtte bestille innsyn ved å sende melding til kommunen: 

Postliste - Klikk for stort bilete

Mens frå 1. oktober kan du trykke direkte på dokumenta for å sjå kva der står: 

postliste med pdf - Klikk for stort bilete