Ny bibliotekleiar i Ulstein

Ny bibliotekleiar i Ulstein

Jørn Hjørungnes. Etter vel to år på Ulstein bibliotek, går turen tilbake til Kristiansand for bibliotekleiar Jørn Hjørungnes.

- Eg har hatt  gode år i Ulstein bibliotek, men no er tida komen for å reise tilbake til Sørlandet, seier Jørn.

- I Ulstein har eg trivst godt saman med hyggelege og kompetente medarbeidarar i biblioteket, og i den store fellesskapen i Ulstein Arena. I løpet av dei åra har eg også vorte kjend med mange av innbyggarane og brukarane av biblioteket i Ulstein, noko eg har sett stor pris på.

Arbeidet med å finne Jørn sin erstattar er alt i gong og stillinga vert lyst ledig.

- Det er sjølvsagt trist å gi slepp på ein så hyggeleg og dyktig fagperson. Vi ønskjer han lukke til i arbeidet som bibliotekleiar i Vennesla, seier kultursjef Leif Ringstad.