Det var rekordmange frammøtte når Ole Terje Sukka haldt føredrag om kunstig intelligens.
Ulstein kommune
Den gode oppslutninga viser at det er stor interesse for digital læring og informasjon.
Samstundes er SeniorSurf mykje meir enn berre eit datakurs. Her møtest folk til hyggelege samtalar, erfaringsdeling og læring i eit sosialt fellesskap.
Denne gongen var det Ole Terje Sukka som heldt kurs om kunstig intelligens (KI).
Deltakarane fekk ei innføring i kva KI er, og korleis slike verktøy kan vere til hjelp i kvardagen.
Ole Terje viste mellom anna korleis KI kan brukast til å:
• finne nye matoppskrifter
• forstå innhaldet i brev og dokument
• lage og redigere bilete
• skrive brev og tekstar
• få hjelp til rettskriving
• planleggje reiser
Mange vart overraska over kor mykje ein praterobot kan hjelpe med. Kunstig intelligens kan vere eit nyttig verktøy til både små og store oppgåver i kvardagen.
Deltakarane fekk også tips om tre populære KI-verktøy: ChatGPT, Copilot og Gemini.
Samstundes understreka Ole Terje kor viktig det er å bruke slike tenester på ein trygg måte. Han minna om at ein aldri bør dele sensitiv eller personleg informasjon med ein praterobot. Vi takkar Ole Terje for eit lærerikt og inspirerande kurs, og ikkje minst alle deltakarane som bidrog til ny rekord på SeniorSurf. Vi gler oss allereie til neste samling!
Kunstig intelligens (KI) er eit tema som engasjerer i alle aldrar.
Ulstein kommune