Nye MOT-coachar i Ulstein kommune Marie Flatin Vi er glade for å ha fått med Peter Smørdal og Sverre Martin Langedal på det lokale MOT-laget i Ulstein.Dei to lærarane ved Ulstein ungdomsskule er sjølve glade for at dei har fått moglegheita, og ser fram til å vere MOT-coachar som ein del av sitt arbeid.Begge hadde høyrt om MOT tidlegare, men det var først då dei starta som kontaktlærarar ved Ulstein ungdomsskule dei vart betre kjent med det haldningsskapande livsmeistringsprogrammet som organisasjonen MOT har for ungdom. - Eg har vore med på MOT-besøka som kontaktlærar og synest det er spennande å jobbe på denne måten. Det er utan tvil ein viktig jobb, seier Sverre Martin.Peter samstemmer: Mot arbeider inn mot mental og psykisk helse. MOT-programmet er med på å gi ungdommane våre verktøy til å takle livet og framtida.I tillegg til Peter og Sverre Martin er følgjande MOT-coachar ved Ulstein ungdomsskule: Torill Vågen Vattøy, Mary Ann Brandal, Wenche Gjerde Sætre, Ingebjørg Jelle Lien og Marie Flatin. Sist endra 02.01.2024 10:20