Oppmodar pårørande om å sjå til sine

Oppmodar pårørande om å sjå til sine

Heimetenesta i Ulstein vil jobbe noko redusert grunna det varsla ekstremvêret. 

Kristin utanfor Ulstein rådhus. - Klikk for stort bileteKommunalsjef helse og omsorg, Kristin Vik. Janne-Marit Myklebust

 

– Vi har avlyst nokre besøk i ettermiddag/kveld og natt av omsyn til dei tilsette. Dette er avklart både med brukarar og pårørande, seier kommunalsjef helse og omsorg, Kristin Vik.

Les meir om ekstremvêret som er venta.

– Vi vil gjere vurderingar etter kvart om kor forsvarleg det vil vere å sende våre tilsette ut på vegane, så vi oppmodar om at pårørande som bur i nærleiken og som har høve til å sjå til sine, gjer det. Men vi vil ikkje at folk skal utsetje seg sjølve for fare, så vis varsemd, oppmodar Vik.

Dei har oppbemanna i helse- og omsorgstenestene for å kunne gi eit best mogleg tilbod til dei som treng det i løpet av det neste døgnet, men ute på vegane kan det verte for risikofylt å ferdast.

Det vert også ekstra beredskap på legevakta i ytre i samband med ekstremvêret, i tillegg til legevakta i Hovdebygda. 

Treng du å ringe legevakta er telefonnummeret 116 117.