– I dag kom konklusjonen som vi har venta på. Kleven har meldt oppbod, og det gjer dette til ein tung dag for dei tilsette og lokalsamfunnet vårt, seier ordføraren.
– Det er trist og uforståeleg at ein så kort tid etter at DIV group overtok Kleven, går til det skrittet å melde oppbod. I utgangspunktet var Brodosplit og Kleven ein god match som kunne gitt begge selskapa ei spennande framtid, seier Engh.
– Når konkursen no er eit faktum, er det viktig å raskt kome i gang med å sikre vidare drift med nye eigarar, og vi set vår lit til at bustyrar jobbar aktivt for dette. Eg har god tru på at dei gode fasilitetane på Kleven og all den gode kompetansen burde vere interessant for andre, seier Knut Erik Engh.