På bokjakt

På bokjakt

Ulsteinvik barneskule har gjenopna biblioteket sitt, men treng hjelp til å fylle hyllene med litteratur.

Sofie Møller i biblioteket.  - Klikk for stort bileteSofie Møller er bibliotekar ved Ulsteinvik barneskule. Janne-Marit Myklebust

– Elevane kjem hit heile tida for å leite etter bøker, så interessa er stor, seier Sofie Møller som er tilsett som bibliotekar på deltid på Ulsteinvik barneskule.

I tillegg til deltidsjobben studerer ho også til å verte bibliotekar.

Dei siste åra har skulen brukt Ulstein bibliotek på Ulstein Arena for å låne bøker, men dei har lenge ønskt seg biblioteket tilbake til skulen. No ligg det lett tilgjengeleg der elevane ferdast. 

– Men vi har ei stor målgruppe her på skulen med mange elevar og fleire klasser på same trinn, og berre to-tre eksemplar av dei mest populære bøkene. Så dei er ikkje så lett tilgjengelege.

Har du bøker du ønsker å donere til skulebiblioteket på Ulsteinvik barneskule?

Ta kontakt med Sofie Møller og fortel kva bøker du har. Grunna avgrensa plass må skulen vurdere kva bøker dei kan ta inn. Sjå ønskelista lenger nede i artikkelen.

E-post: sofie.moller@ulstein.kommune.no

På ønskelista

No frir altså Møller til innbyggarane, med eit stort mål om å fylle opp hyllene og auke leselysta og lesegleda blant dei unge.

– Vi har avgrensa med plass, og må vere litt selektiv med kva vi kan ta imot, men vi treng meir skjønnlitteratur, helst av nyare dato. Eg har merka meg at dei bøkene eg elska å lese som ung, ikkje nødvendigvis er dei same som dei unge les i dag. 

– Vi ønsker oss også faktabøker. Fotballbøker er populært, og Guinness World Records – dei vi har er utslitne og frå 90-talet. 

På ønskelista står også fleire nynorske bøker.

– Det er ei generell mangelvare, bortsett frå Maria Parr og bøkene frå den såkalla “lettlest”-serien for 1.–3. trinn, seier Møller.

Elevane har laga ei lita ønskeliste på kva dei ønsker seg i biblioteket:

1.    Nordlys-serien av Malin Falch
2.    Amuletten
3.    Kattekrigerne
4.    Hvor er Willy?
5.    Faktabøker
6.    Detektivbyrå nr. 2
7.    En pingles dagbok
8.    Jakten på Trolløyet av Jørn Lier Horst
9.    Tambar
10.     Gåtebøker for barn
11.     Dustedagboka
12.     Isadora Måneblomst
13.     Lilo og Stitch + Disneybøker.
14.     Guinness World Records
15.     Verdens verste
16.     Lines verden
17.     Fotballbøker + andre sportsbøker.
18.     “Vi skulle ha vært løver” av Line Baugstø.
19.     Fortnite-bøker. 
20.     Skumle/grøssar-bøker 
21.     Forelska?-bokserie + kjærleiksbøker
22.     Musse & Helium-bøker
23.     Advent/jule-bøker
24.     Anna Fiske
25.     Kjendis-bøker
26.     Trollheim-bøker
27.     Nye barnebøker som er passande frå 1.–3. trinn
28.     Nye ungdomsbøker som er passende frå 4.–7. trinn