På tide med oppfriskingsvaksine? - Ulstein kommune

På tide med oppfriskingsvaksine?

På tide med oppfriskingsvaksine?

Vaksinane du tok som barn varer ikkje nødvendigvis livet ut, og FHI tilrår at vi tek påfyll av enkelte vaksinar i vaksen alder for å oppretthalde beskyttelse mot ulike sjukdomar. 

www.fhi.no

Ei vaksine mange av oss lett kan gløyme er vaksinen mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. Denne blir gitt i barnevaksinasjonsprogrammet i 2. klasse og 10. klasse, og etter dette er det tilrådd med påfyll kvart 10. år. 

Hugsar du når du tok den sist? Sjekk gjerne Mine vaksiner ved å logge inn på www.helsenorge.no .

Er du framleis usikker? Ta kontakt med Ulstein kommune sin vaksinasjonsklinikk, så vil dei hjelpe deg. 

Kontaktinformasjon og informasjon om timebestilling finn du her: Vaksinar for vaksne og reisevaksinasjon - Ulstein kommune

Meir informasjon om kva vaksiner som kan vere aktuelle finn du på FHI sine nettsider: Sjekk hvilke vaksiner som kan være aktuelle for deg - FHI