Råd til alle som skal på juleferie

Råd til alle som skal på juleferie

Innflyging til Køpenhavn - Klikk for stort bilete Trine Syvertsen / Flickr Creative Commons

Ei etterlengta juleferie står for døra. Vi gler oss til å treffe slekt og venner. Det er viktig å kunne gjenomføre dette på ein  trygg smittevernmessig måte. Vi har difor utarbeidd nokre råd som kan hjelpe til med at juleferien både kan verte den høgtid og samlinga vi ønskjer, og at det vert trygt smittervermessig.

1. Siste veka før du reiser på juleferie sjå til at du har så få kontakter med andre som råd er.
2. Pass på godt smittevern når du reiser.
3. Vi rår til at du tek ein test ved teststasjonen vår med det same du kjem heim. Bestill gjerne på førehand.
4. Dei 2-3 første dagane etter du kjem heim, i alle tilfelle til du har svar på ein test, så har du kontakt berre med din næraste famile der du bur. Besteforeldre og venner får vente på deg disse dagane.

5. Pass på avstand, handhygiene, og kvarandre, og ver frisk når du går i selskap!

 

 

Helsing frå kommuneoverlegane på Sunnmøre