Randi fekk siste stikk

Randi fekk siste stikk

Her får Randi Lillevik Flø siste stikk med koronavaksine i Ulstein kommune. Det vart stikk nummer 19 000!

Helsesjukepleiar gir vaksine. - Klikk for stort bileteMari Haugen Lunde set siste stikk på Randi Lillevik Flø. Kristin Meli

I alle fall så nær 19 000 vi kan kome ved å summere opp dei tre siste åra med vaksinasjon ved Ulstein helsestasjon.

– Heilt nøyaktig er det vanskeleg å vere, seier Kari Brandal, som har vore koordinator for vaksinearbeidet.

– I 2021 sette vi på helsestasjonen 13 900 vaksinar, og i tillegg vart det sett mange ute på sjukeheimen og i omsorgsbustadene før vi tok over all registrering. 

Vi kan altså runde litt opp frå 13 900, og seie 14 000 vaksinasjonar i 2021. Deretter 4 260 i 2022, og 581 i 2023.

22. juni var det Randi Lillevik Flø som fekk siste stikk.

– På ein god dag i 2021 sette vi 600 på éin dag – mot dei snart 600 som vart sett første halvår i år. Det seier litt om kor intenst det var då det stod på som mest. 

Frå ringerunde til masseutsendig av SMS

Då dei starta med koronavaksinasjon ved helsestasjonen i månadsskiftet januar-februar 2021, måtte dei ringe kvar enkelt som skulle få vaksine.

– Det var ein enorm manuell jobb. Vi hadde ei innbyggarliste, og ringde kvar enkelt for å kalle dei inn, og forklare dei litt om vaksinane. Vi brukte store ressursar og mykje tid. Vi hadde ikkje andre hjelpemiddel enn oss sjølve.

Slik gjekk det føre seg dei tre første månadene. Mykje av grunnen var også at dei ikkje visste meir enn frå veke til veke kor mange vaksinar dei fekk. Etter tre månader fekk dei tak i eit program som kunne sende ut 15 SMS i gongen. Dette gjorde at innkallinga vart litt meir effektiv. 

Til slutt enda dei opp med programmet C19 som dei nyttar seg av i dag, der det er mogleg å sende ut 200 SMS med berre eitt klikk. 

– Og så har vi sjølvsagt sett an om der er dei som treng ein ekstra telefon for å få informasjonen. Det er ikkje alle som er digitale.

Kaker og kaffi rundt bordet. - Klikk for stort bileteFeiring av siste stikk på helsestasjonen. Kristin Meli

Lagarbeid

– Vi bestemte oss tidleg for at dette skulle vere eit lagarbeid for oss på helsestasjonen. Alle har på ein eller annan måte vore involvert i arbeidet. Det har vore litt av ein logistikk å få alt på plass. 

At siste stikk er sett er både godt – og litt vemodig.

– Vi var mange involverte, og ikkje berre oss på helsestasjonen, men i helse og omsorg generelt, og frivillige frå saniteten mellom anna. Vi hadde felles lunsjar kvar onsdag og fekk eit godt samhald. Vi ønsker ikkje korona tilbake, men samhaldet er nok noko vi vil sakne. Vi vil ta med oss det gode vi har lært og dei nye måtane å jobbe på, i vårt vidare arbeid.