Dei fleste på rådhuset har heimekontor fram til 14. april, grunna nye nasjonale retningslinjer mot korona.
Les meir om dei nasjonale tiltaka her.
Her er likevel folk til å ta imot eventuelle leveringar og post, men i all hovudsak oppmodar vi om at publikum tek kontakt via telefon eller e-post, om det er noko de lurer på.
Ring 70 01 75 00 eller send e-post til postmottak@ulstein.kommune.no
Du kan også søke etter tilsette.
- Det er ikkje høve til å besøke rådhuset utan å ha gjort avtale på førehand.
- Skal du levere noko er det berre å ringe på – om det ikkje får plass i postkassa i gangen.
- Dersom du allereie har ein avtale, vent til du vert henta i gangen før du kjem inn. Vi minner om å halde god avstand (to meter), og oppmodar om bruk av munnbind.