– Silje har vore ei vitamininnsprøyting i dokumentsenteret i Ulstein sidan ho vart tilsett i mai 2021, står det mellom anna i grunngjevinga.
Prisen vart delt ut under ei samling i Kristiansund denne veka, i regi av Interkommunalt arkiv (ika) Møre og Romsdal.
Silje var nominert av medarbeidarar både i eigen kommune, og også frå nabokommunar.
– Ho har gjort mykje for å få på plass nye innsynsrutinar, restanserapportering og meir. Ulstein har fått topplassering i Åpenhetsbarometeret to år på rad som ein av dei mest opne kommunane i landet. Silje er svært endringsvillig, løysingsorientert og er positiv til ny funksjonalitet. Ho har mellom anna tatt initiativ til internopplæring i nytt saksbehandlingsprogram, både i eigen kommune og i nabokommunar. Ho er inkluderande, har ein hyggeleg veremåte, er initiativrik og ein sterk ressurs for arkivgruppa, er dei gjeve orda frå juryen.
Gratulerer, Silje!
LES OGSÅ: Landets tredje mest opne kommune