Skal ruste opp vegen i Ringstaddalen

Skal ruste opp vegen i Ringstaddalen

Frå måndag 23. september vert vegen i Ringstaddalen stengt for gjennomkøyring på dagtid i vekedagane,  grunna opprusting og asfaltering.

Kartutsnitt Ringstaddalen. - Klikk for stort bileteIllustrasjon frå Aurvoll & Furesund.

Vegen skal rustast opp på nokre dårlege parti, og det er Aurvoll & Furesund som har fått tildelt jobben.

Vegen vil vere stengt for gjennomkøyring kvardagane frå måndag klokka 07.30 til og med fredag klokka 15.30.  

I helgane vil vegen vere open, men du må då vere klar over at det er grusveg i anleggsperioden.

Asfaltering er planlagt i veke 45.

Framdrifta vil vere om lag slik, jamfør bildet under:

  • Veke 39 og 40, stengt ved nr 1
  • Veke 41 og 42, stengt ved nr 2
  • Veke 43 og 44, stengt ved nr 3

 

Kart over Ringstaddalen med markert vegstenging. - Klikk for stort bilete