Spørjeundersøking til føresette i barneskulane

Spørjeundersøking til føresette i barneskulane

Vi sender snart ut ei spørjeundersøking frå kommunen til føresette i barneskulane våre.

Adobe Stock

Undersøkinga vert sendt ut på e-post til kvar føresett med avsendar Bedre kommune.

Bakgrunn for undersøkinga: 

Kommunestyret har bede administrasjonen om å vurdere framtidig ressursbruk, struktur og kapasitet i barnehagar og skular i Ulstein kommune. Dette arbeidet er no i gang, og har også ei eiga prosjektside som du kan sjekke ut her:

Prosjekt i oppvekstsektoren

For å sikre at vi tek dei beste vala for framtida, bed vi føresette i skulane våre om innspel.

Er du føresett i barneskulen i Ulstein? Då bed vi om at du sjekkar e-posten din, hugs også å sjekke søppellpost, dei næraste dagane for å sjå om du har fått undersøkinga. 

Svarfrist er 20. mars.