Status for smitte og vaksinering

Status for smitte og vaksinering

Centers for Disease Control and Prevention Siste oppdateringar om smitteutbrotet i Ulstein - og om kvar du kan få tak i hurtigtestar.

Hurtigtestar

Hurtigtestar er å få kjøpt på apoteket.

Alle med symptom som treng ein test må hente dei i garasjen / teststasjonen ved legesenteret mellom kl 11.00 og 11.30 på kvardagar.  Vi ønsker ikkje sjuke personar inn på helsestasjonen. 

Alle husstandsmedlemmer og nærkontaktar som får beskjed om å teste seg av smittesporingsteamet kan hente på helsestasjonen etter avtale kl. 14-16. Berre personar som er friske kan kome dit,

Ingen med symptom må gå  inn på venteromma verken på legesenteret eller på helsestasjonen.

 

6. desember

Sidan førre oppdatering (04.12) har Ulstein kommune fått stadfesta åtte tilfelle av koronasmitte. Desse er stadfesta med PCR-test. Nokre av desse var meldt med hurtigtest tidlegare. 

I tillegg har kommunen i dag fått melding om ni nye positive hurtigtestar. Dei fleste har samanheng med andre kjende tilfelle. 

Haddal skule: Dei to elevane med positive hurtigtestar i forrige veke har fått desse stadfesta positive. I tillegg kom det to nye positive hurtigtestar i dag. Den eine er nærkontakt med tidlegare smitta og har ikkje vore på skulen. Den andre testa seg fredag med hurtigtest, men var negativ då. Det vil likevel verte ein ny runde med testing på Haddal skule onsdag.

Fire andre som er smitta er nærkontaktar til kjende smitta og har vore i karantene heime.

To personar har ukjend smitteveg. Ein av dei har vore på reise til annan del av landet. Det er usikkert om vedkomande er smitta i Ulstein før utreise, eller på Austlandet. Den siste har ikkje nokon samanheng med andre kjende tilfelle.

 

4. desember

Torsdag 02. 12 fekk kommunen melding om fire nye smittetilfelle. Tre personar var kjente nærkontaktar til tidlegare smitta personar., Ein  er ein elev ved ungdomsskulen i Ulsteinvik . Smittevegen er usikker, men det er truleg at vedkomande er smitta i samband med hospitering på Uvs  Eleven testa positivt på hurtigtest  heime og heile 10. klassetrinn vart kohorttesta torsdag. Ale desse testane var stadfesta negative fredag.

Fredag 03.12 fekk kommunen stadfesta fem nye smitta. Alle er nærkontaktar til kjende tilfelle.

I tillegg har to elever til på Haddal skule, på 5.trinn og 6. trin,n testa positivt i samband med massetestinga der. Alle elever og alt personale ved Haddal skule har fått med hurtigtestar heim for å teste seg før skulestart måndag morgon.

Viktig om hurtigtestar

Det har vore stor etterspurnad etter hurtigtestar, og vi ønsker at folk testar seg. Siste veka måtte helsetenesta rasjonere litt fordi lageret nesten var tomt. Det har vorte testa mykje i skulane, og vi harhatt mange smitta, men no har kommunen heldigvis fått fleire testar. 

Vi ber alle merke seg kvar dei bør og kan hente testar (NB! Dette gjeld vekedagane. I helgane kan de hente testar etter avtale med legevakta):

Alle med symptom som treng testar må hente dei i garasjen / teststasjonen ved legesenteret mellom kl 11.00 og 11.30.  Vi ønsker ikkje sjuke personar inn på helsestasjonen. 

Alle husstandsmedlemmer og nærkontaktar som får beskjed om å teste seg av smittesporingsteamet kan hente på helsestasjonen etter avtale kl. 14-16. Berre personar som er friske kan kome dit,

Ingen med symptom må gå  inn på venteromma verken på legesenteret eller på helsestasjonen.

 

2. desember

Ulstein kommune fekk onsdag 1. desember melding om at ni personar testa positivt på koronaviruset. Dei fleste av desse var stadfestingar av allereie meldte positive hurtigtestar. Dei smitta er nærkontaktar av tidlegare stadfesta smittetilfelle. Det er også meldt om fleire positive hurtigtestar, og desse vert testa med PCR torsdag 2. desember. Alle nye smittetilfelle er knytt til det kjente smitteutbrotet i kommunen.

Til no har tre tilsette og fem elevar ved ulike trinn på Haddal skule testa positivt på koronaviruset.

Det er stor pågang for å hente hurtigtestar ved Ulstein helsestasjon, og lageret har minka drastisk dei siste dagane. Personar med symptom og/eller personar som har vore i kontakt med stadfesta smittetilfelle vert oppmoda om å hente hurtigtestar. Det er dessverre ikkje høve til å hente testar av andre grunnar, til dømes at du skal på reise, får besøk, eller andre grunnar som ikkje er knytt til punkta nemnt over. Helsestasjonen ber om forståing for dette.

Les også: Utbrotet i Ulstein aukar i omfang.

Status for vaksinering

Helsetenesta bed følgande grupper ta kontakt for time til koronavaksine:

  1. Uvaksinerte frå 12 år
  2. Alle over 16 år som ikkje har tatt andre dose
  3. Alle fullvaksinerte mellom 45-64 år som ønsker ein tredje dose (minst 6 månadar sidan andre dose)
  4. Alle fullvaksinerte over 65 år som ønsker ein tredje dose (minst 5 månadar sidan andre dose)

For timebestilling:

  • Er du under 65 år sender du SMS til 477 54 774
  • Er du over 65 år kan du følgje lenke frå C19 eller sende SMS til 477 54 774

Oppdatering om vaksinering:

Onsdag 1. desember vart det sett 528 Pfizer-doser ved Ulstein helsestasjon. Dosane var jamt fordelt mellom andre dose til 16-17-åringar, og tredje dose til dei over 65 år. Det vert vaksinering 8. desember og 15. desember, og det er ledig kapasitet begge dagar.