Stikk ut og nyt vinteren!

Stikk ut og nyt vinteren!

Frå venstre: Liv Synnøve Hoel, Stikk UT!-ansvarleg Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal; Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets; Hilde Ellingsæter, Stikk UT!-ansvarleg i Sunnmøre friluftsråd Sunnmøre Friluftsråd

Vinterens Stikk UT!-sesong er i gang, og sesongen varer til 21. april 2025. Her ser du turmåla i Ulstein. 

– Stikk UT! og opplev det fine lyset, tenn eit bål og sjå på stjernehimmelen. Vi ønsker oss gode vinterforhold til fine fotturar og god glid i skiløypene. Be gjerne med deg nokon på tur, oppfordrar Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er ansvarlege for Stikk UT!.

 

Registrer turane du går i app eller på nettstad

I sommar blei tilgangen til å registrere turar du har gått på nettstaden stikkut.no, tatt vekk.

– Vi har fått tilbakemeldingar frå deltakarar som har sakna dette, og vi har lytta til dei. Derfor vil vi i løpet av vintersesongen gjeninnføre moglegheita til å registrere turane på stikkut.no også – i tillegg til i Stikk UT!-appen, seier arrangørane.

Les meir om Stikk UT! Vinter her.

 

Turtips til vinterstida

Forsking viser at vi sit for mykje og at dagleg aktivitet er livsviktig, bokstaveleg talt. Bruk Stikk UT!-turloggen og sett deg dine eigne mål for vinterens aktivitet. 

– Å kome seg ut er enklare enn ein trur. På dei fleste nærturar er det nok å kle seg godt og varmt, ta på gode sko og kome seg ut døra. For kvart steg vil kropp og sjel merke ein positiv effekt, seier Ellingsæter.

 

Vinterturmåla i Ulstein

Her finn du kart over alle turmåla i Stikk UT! Vinter i Møre og Romsdal, Heim og Bjorli.

Dette er vinterturane 2024/2025 i Ulstein

  • Osberget - den nye turvegen frå Bugardsmyrane
  • Nibben - turveg frå Bugardsmyrane
  • Breifjellet - turvegen frå Hovsetmarka/Varleite
  • Hasundhornet - turvegen frå Bulegene 
  • Larsstien - turstien i Fløstranda