Styrer mot nytt overskot

Styrer mot nytt overskot

Økonomileiar i Ulstein kommune, Steinar Nummedal, har kome med ei oppdatert prognose for 2026, og ventar å kunne styrke kommunen sitt disposisjonsfond med kr. 14 millionar ved årets slutt.

Grunn til å smile: Økonomileiar i Ulstein kommune, Steinar Nummedal, la fram prognose for 2026 og ei forventa styrking av disposisjonsfondet på kr. 14 millionar. Ulstein kommune

Den oppdaterte prognosen vart lagt fram for kommunestyret i møtet 10. september. 

Orienteringa vart gitt i «økonomisk kvarter», og økonomileiar Steinar Nummedal peika på at det forventa overskotet på kr. 14 millionar i hovudsak kjem gjennom forventa meirinntekter frå dei generelle driftsinntektene til Ulstein kommune på kr. 13,7 millionar, der kr. 12 millionar er frå overskot på skatt og kr. 1,7 millionar er knytt til integreringstilskota og frå netto finanspostar på kr. 5,7 millionar.

Overskot frå skatt

I orienteringa peika Nummedal på at Ulstein kommune har eit positivt avvik på skatt på om lag kr. 6,3 millionar ved utgangen av august, men at avviket på skatt har variert mykje gjennom året. 

Med den nye budsjettmodellen til Skatteetaten, har Ulstein kommune ein forventa skatteinngang på kr. 411,8 millionar i 2026. Ulstein kommune sine eigne brekningar var på om lag 410 millionar. Det stemmer godt overeins med KS sine anslag. 

- Gitt at den nasjonale skatteinngangen vert på kr. 251,458 milliardar og Ulstein får ein brutto skatteinngang på om lag kr. 410 millionar, gir prognosemodellen til KS eit forventa overskot på skatt på om lag kr. 12 millionar, seier Nummedal.

Forventningar til 2026

I orienteringa la økonomileiaren i Ulstein kommune fram fleire punkt som påverkar det forventa resultatet for 2026:

  • Netto finanspostar er venta å gi eit overskot på om lag kr. 5,7 millionar.
  • Renteutgiftene er venta å bli kr. 2,4 millionar mindre enn budsjettert, m.a. grunna auka sjølvkostrente kr. 1,9 millionar, byggelånsrenter for nye omsorgsbustadar kr. 700.000.
  • Også positive avvik knytt til renteinntekter, utbytte og ikkje minst avdrag på lån etter nye reglar for avskriving.
  • Forventar stort positivt avvik på 3,1 millionar for sentraladministrasjonen i høve størrelsen på området, negativt avvik for eigedomsavdelinga på kr. 1,8 millionar.
  • Negativt avvik innan helse og omsorg kjem i hovudsak av økonomisk sosialhjelp kr. 3,5 millionar, og mindreinntekter frå ressurskrevjande tenester kr. 3,6 millionar.
  • Innan oppvekst og kultur vert forventa negativt avvik innan skule motsvara av eit tilsvarande positivt avvik hos IMU.
  • Ventar positivt avvik på løn ved årets slutt. 

 

- Godt grunnlag for vidare utvikling av Ulstein

Kommunedirektør i Ulstein kommune, Jarl Martin Møller, er glad for dei positive prognosane og rosar arbeidet som er gjort i organisasjonen. 

- Eg er glad for å sjå at organisasjonen står samla om oppdraget vårt. Vi arbeider godt i tenestene, har medarbeidarar med god kompetanse og eit sterkt engasjement for innbyggjarane våre. Samstundes arbeider vi målretta med å prioritere ressursane der dei gir størst verdi for innbyggjarane og størst effekt for kommunen. Det gir grunnlag for gode resultat og vidare utvikling av kommunen.