Ta deg tid til #1omdagen

Ta deg tid til #1omdagen

Adriana Finstad Det å kome seg ut i frisk luft er viktig både for den psykiske og fysiske helsa. Difor lanserar Norsk Friluftsliv no kampanjen #1omdagen, der det norske folk vert oppmoda til å kome seg ut av døra minst ein gong om dagen.

 

Kvifor 1#omdagen?


Norsk Friluftsliv har fått i oppdrag frå Helsedirektoratet å bidra til å inspirere det norske folk til å kome seg ut i naturen, som eit grep for å ivareta den psykiske og fysiske helsa under koronapandemien. For mange er dei vanlege grunnane til å kome seg ut no forsvunne, når dei ikkje lenger reiser til jobb, drar på besøk til vennar, til fritidsaktivitetar og liknande.

Vi ønsker å minne om at sjølv om mykje no er stengt, er naturen fortsatt åpen – og håpar at hugseregelen #1omdagen kan gi mange ein ny grunn og motivasjon til å kome seg ut. Forskning viser at berre 10 minutt i grøne omgivnadar senkjer stressnivået, og gjer at vi føler oss betre.

 

Kva er #1omdagen?

 

#1omdagen er ei oppmoding om å kome seg ut døra minst ein gong om dagen. Målet er at det skal vere så lavterskel at alle kan gjere det på sin måte. Eksempel på #1omdagen kan vere:

  • Luft nokon sin hund
  • Ta lunsjen eller middagen ute i friluft - nyt dagslyset
  • Utforsk ein ny veg i nabolaget
  • Gå ut og tenn eit bål saman med nokon du er glad i
  • Gå ein kveldstur med hovudlykt. Bruk gjerne turvegane på fjellet
  • Er det snø – finn fram akebrettet og leik deg i nærmaste bakke
  • Nyt morgonkaffen i husveggen eller på ein benk
  • Gå på fuglesafari i nærmiljøet. Ta gjerne med litt mat til fuglane
  • Gå ut og øv deg på kart og kompass
  • Bli med på Stikk UT! sine vinterfotturar