Ta del i budsjettprosessen

Ta del i budsjettprosessen

Pengar - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Kva meiner du om inntektene og utgiftene til kommunen? Følg budsjettprosessen og sei meininga di til dei folkevalde. 

Steg 1: Framlegg frå kommunedirektøren

2. november presenterte kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett for 2022 og økonomiplan for åra 2022-2025. 

Presentasjonen frå møtet finn du HER (PDF, 3 MB). Møtet vart strøyma via Facebook-sida til kommunen.

Framlegget til budsjett og økonomiplan 2022-2025 finn du her. (PDF, 21 MB)

 

 

 

 

Steg 2: Budsjettbehandling i folkevalde organ

Lurer du på korleis du kan påverke? I første omgang kan det vere lurt å ta kontakt med dei folkevalde. Elles finn du råd om korleis påverke HER.

Her ser du når dei folkevalde organa behandlar budsjettframlegget.
Klikk på namna for å få fram kontaktinformasjonen til dei folkevalde. 

 

Steg 3: Høyring før vedtak i kommunestyremøtet

Formannskapet vil kome med si tilråding 30. november om kva dei meiner kommunestyret bør vedta i saka om budsjett og økonomiplan.  Tilrådinga ligg ute til offentleg høyring før budsjettet vert endeleg vedteke av kommunestyret.

Du kan sende ein høyringsuttale til og med 15. desember 2021.

Bruk adressa postmottak@ulstein.kommune.no. eller postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Merk e-post med "Innspel til økonomiplan"
Uttalen må vere levert til kommunen seinast 15.12.2021 kl. 15.00. 

Det endelege budsjettvedtaket i kommunestyret skjer 16. desember.