- Takk for ein fantastisk innsats i årets TV-aksjon!

- Takk for ein fantastisk innsats i årets TV-aksjon!

Lisa Mari Breivik Anderson, leiar i TV-aksjonskomiteen i Ulstein, i fin-fin kjole sett saman av t-skjorter frå årets og tidlegare tv-aksjonar - Klikk for stort bilete Ulla Hay

Ulstein kom på tredjeplass i fylket over givarglade innbyggarar. Til saman samla vi inn 904 259 kroner til Barnekreftforeningen. Dette er ny rekord i Ulstein!

Bildet viser statistikk over innsamla midlar til TV-aksjonen siste fem år - Klikk for stort bilete Skjermdump frå tvaksjonen.no

 

Rangering nasjonalt er Ulstein på 103. plass av totalt 358 kommunar i landet, fordelt på innbyggarar. 

Totalt i Noreg er det per 22.10.2024 samla inn 366 877 195 kroner.

Gaute, Bianca og Lisa Mari tel pengar som har kome inn i bøssene - Klikk for stort bilete Kari Marie Øvrebøe

- Eg er svært stolt og glad over innbyggarane i Ulstein, som viser at dei bryr seg ved å engasjere seg, seier varaordførar Lisa Mari Breivik Anderson, som også har leia TV-aksjonskomiteen i Ulstein.  

Vi klarte å dekke alle dei 77 rodene, og bøsseberarane samla inn 118 115 kroner i bøssene - noko som tilsvarar 1 534 kroner per bøsse (vipps kjem i tillegg). 

Ho vil også rette ein takk til næringslivet i Ulstein for rause gåver og fantastisk innsats med 162 014 kroner. Sist, men ikkje minst - skulane har bidratt med 239 508 kroner og barnehagane har stått for 6 500 kroner. 

Pengane i år går til Barnekreftforeningen sitt arbeid for å etablere familiehus nær sjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo, der alvorleg sjuke barn kan vere saman med familien sin medan dei  får behandling.

For eit djupdykk i statistikken for Ulstein og andre kommunar, kan du sjekke ut TV-aksjonen si nettside.