To gode kollegaer vert takka av i helse- og omsorgsetaten denne veka.
Gunn Hofset sluttar etter å ha arbeidd i etaten i 37 år, dei fleste åra som leiar, og siste åra som einingsleiar i eining 2: omsorgsbustadene i Holsekerdalen, Hovstøylvegen og Lisjeknotten.
Lindis Sundgot har dei siste 10 åra arbeidd i helse- og omsorgsetaten i kommunen, etter at ho først arbeidde i Nav Ulstein i sju år Ho har hatt stillinga si i eining 1: koordinerande eining, og har mellom anna hatt ansvaret for støttekontaktordninga, avlasting i privat heim og transporttenesteordnina.
Vi ønsker desse to kollegaene lykke til som pensjonistar.
Gunn Hofset og Lindis Sundgot vart møtte med kake på sitt siste kontormøte i helse og omsorg, før dei no går av med pensjon.
Heidi Strand